Tilstandsrapport om universell utforming i Vestland

Vestland fylkeskommune har utarbeida eit Handlingsprogram for folkehelse Vestland 2022–2025 som gir retning for fylkeskommunen sitt arbeid for å fremja gode levekår og utjamna sosiale helseskilnader. Universell utforming er tematisert som ein del av folkehelsearbeidet der tiltak basert på kunnskap er eit leiande prinsipp. Eit av tiltaka i programmet er å utarbeide ein tilstandsrapport over Vestland fylkeskommune sitt arbeid med universell utforming, og er bakgrunnen for oppdraget.

På oppdrag for Vestland fylkeskommune har Proba kartlagt arbeidet med og tilstanden på universell utforming i Vestland. Rapporten belyser i) kva som er status på universell utforming innan Vestland fylkeskommune sine ansvarsområde, ii) kva som eksisterer av rapporteringar og registreringar på universell utforming, iii) kva som er dei største barrierane for deltaking i Vestlands-samfunnet, og iv) kva som kan vera moglege strategiske grep for å ivareta universell utforming innan fylkeskommunen sine ansvarsområde og i rolla som regional utviklingsaktør/samfunnsutviklar.

Prosjektleder i Proba var Rune Busch